Ola Jordheim vann Te Tøpps

Postet av Hemsedal IL - Langrenn den 2. Okt 2016

72 deltakarar stilte til start i konkurranseklassen på motbakkeløpet Te Tøpps, som i år gjekk frå sentrum og opp på Totten. Løypa var 6,5 km og hadde ei stigning på 840 høgdemeter.


Ketil Monsen og Ola Jordheim sprang i følgje store delar av løpet, men i mål hadde Ola fått ei luke på 18 sekund. Vinnartida vart 39:55.

Kasper Herland, 15 år, imponerte også stort og fekk tredje beste tid totalt med 42:12. Beste dame vart Anita Håkenstad, på tida 45:07.

Resultater Te Tøpps 2016 Klassevis.PDF

Resultater Te Tøpps 2016 Alle.PDF


Ola Jordheim og Ketil Monsen utgjorde tetduoen på slutten av løpet.





Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc