Stafettbronse til Guro i junior NM !!

Postet av Hemsedal IL - Langrenn den 13. Mar 2016

På sundagens stafett i junior NM gjekk Guro på Buskerud sitt fyrstelag som tok ein imponerande bronseplass. VI GRAULERER!!!

Guro hadde beste etappetid på 3. etappe og gjekk laget opp frå 5. plass til bronseplass. Guro gjekk på lag med Tiril Liverud Knutsen (1.etappe), Amalie Winnes (2.etappe) og Kristine Stavås Skistad (4.etappe). 73 lag deltok.

På herrestafetten gjekk laget til Vetle (Buskerud 3) inn til ein fin 20. plass og vart med det nest beste lag frå Buskerud. Vetle gjekk ein god 3. etappe. Jakob leverte ein sterk fyrsteetappe for Buskerud 5 og veksla som nummer 20 etter sin etappe. Laget hans enda til slutt på 47. plass av totalt 130 lag. Andres og Sevat gjekk begge på Buskerud 8, som enda på 62. plass.

Resultater

Bronselaget til Buskerud

Ein fornøyd trenar med gratulasjonsklem.




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Powered by: Bloc