9. plass til Guro i junior NM

Postet av Hemsedal IL - Langrenn den 12. Mar 2016

Vang skiløperforening arrangerte NM for juniorar 11. - 13. mars. Frå Hemsedal deltok Andres, Sevat, Guro, Jakob, Vetle og Trym. Alle hemsedølene leverte gode løp og var langt oppe på resultatlistene. Den beste plasseringa fekk Guro på laurdagens fristilrenn, der ho tok ein sterk 9. plass av totalt 107 løparar i K 19/20 år. Guro var berre 25 sek. frå medalje. Vi gratulerer!

Også morosamt med Andres, som har gjort store framsteg i år, etter at han vart med på Team Hallingdal. På klassiskrennet fredag vart han nr. 45 av totalt 227 løparar i M 17 år.

På fristilrennet vart Vetle best av hemsedalsgutane med ein 40. plass av totalt 203 løparar i M 19/20 år.

På sundag er det stafett, der Guro går på Buskerud sitt 1. lag.

Resultater junior NM


Guro er ei av landets beste jenter i 19/20 års klassen.












Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.