Junior NM 6. - 8. mars

Postet av Hemsedal IL - Langrenn den 8. Mar 2015

7 hemsedøler deltek på junior NM i Hommelvik 6. - 8. mars.

På fredagens fristilrenn gjekk Guro inn til 18. plass i K19/20, medan Vetle tok 24.plass i M18. Premieplass vart det også til Ola i M19/20 og til Sevat i M17.

På laurdag var det klassisk som sto for tur. Det vart på nytt gode poengløp av Guro (nr. 26) og Vetle (nr. 28). Vetle har i år stabilisert seg med plasseringar mellom 15. og 28. plass på distanserenn. Det er imponerande i ein sterk klasse med rundt 150 deltakarar. Jakob var veldig nøgd med laurdagens renn. Han vart beste halling og enda på 50. plass av totalt 209 startande i M19/20. Det held til premieplass.

Resultat hemsedøler oppsummert:

NavnKlasseFristilKlassiskAnt. delt.
GuroK 19/2018. plass26. plassca. 80
OlaM 19/20 55. plass83. plassca. 210
VetleM 1824. plass28. plassca. 150
JakobM 19/2091. plass50. plassca. 210
SevatM 1758. plass84. plassca. 200
Sigurd K.M 19/20137. plass123. plassca. 210
TrymM 19/20DNF89. plassca. 210

Link til arrangementet: Junior NM

På sundag var det stafettar. Guro leverte ein rå 3. etappe for Buskerud sitt fyrstelag. Ho hadde beste etappetid og gjekk laget opp frå 11. til 5. plass. Det unge laget endte på ein strålande 7. plass av 66 startende lag. Gratulerer med sterk innsats!

På herrestafetten gjekk Buskerud sitt 2. lag inn til ein flott 7. plass. Vetle gjekk ein sterk fyrsteetappe. Han tok ut alt og veksla som nummer 26. Ola hadde tredje beste tid på tredjeetappe og gjekk laget opp heile 9 plassar. Dei to andre på leget var Erik Høiås (Birkebeineren) og Sigurd Rønning (Vikersund).

Jakob gjekk på Buskerud sitt femtelag og fikk med seg premieplass.

Utøvarar, trenar og støtteapparat koste seg stort i Trøndelag. Samtlege vart inspirert og motivert av årets største happening, som samlar landets beste skiløparar. Dette gav meirsmak.


Jakob på laurdagens klassiskrenn, der han tok ein flott 50. plass.



Stadion. Mildt og lite snø utanfor løypene.



Restitusjon etter løpet er viktig!



Ein tilfreds gjeng.



Støtteapparatet er også viktig.



Sevat og Jakob



Sevat har gjort store framsteg dei siste åra.



Utøvarar og trenar er på plass på stadion.



I smøreboden.



Trenar og sekundant er spente.



Uttøyning er også viktig.



Guro inn til ein flott 18. plass på fredag.

Ynskjer du å sjå fleire bilder? Gå til: Arkiv - Galleri - Jr NM 2015






Kommentarer

0 Kommentar

Kommentarfelt er stengt