Ski Hallingdal samling på Gravset

Postet av Hemsedal IL - Langrenn den 26. Sep 2014

20.09 2014 Hadde langrennsgruppa samling for alle langrennsklubbar i Hallingdal.
35 skiglade, spreke og blide langrennsutøvarar i alder 9 til 15år møtte opp. Ein del hadde ei rulleski øykt med jr gjengen vår som instruktørar, medan resten leika seg med ulike aktivitetar på myra. Mykje latter og raude kjakar!
Då me samlast til dugurd var det eit lyn-o-løp med bokstavrebus som skapte stort engasjement.
Etter mat og fotballkamp gjekk turen opp på Storehøvda. 

Ein fin dag med flotte utøverar!




Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline