Sommerportrett #1-20: Ola Jordheim

Postet av Hemsedal IL - Langrenn den 29. Jun 2020

HIL Langrenns utegående reportar freistar herved å sparke igång ei gjentaking av suksessen frå i forfjor - nemlig sommerportrett med utvalde profilar i miljøet. 

Dersom du meinar at du kvalifiserer til omtala "profil i miljøet" og dermed har gjort deg fortent til spalteplass her, er det berre å stikke haka fram og ta kontakt med underteiknede. God lesing! 


Hei Ola! 

Lenge siden me har sett noko til deg her i Hemsedal no. Den observante leser vil kanskje ha lagt merke til deg i diverse traktorar nedpå Jordheimsmyrene dei seste vekene, men korleis går det med deg, sånn mtp langrennssesongen 2021?

Per midten av juni er eg akkurat på veg tilbake frå skade. Treninga er begrensa i forhold til det det skulle ha vore, men samstundes får eg gjort noko. 

Motivasjonen er bra. Pga skadar har motivasjonen periodevis vore litt dårleg fordi man blir satt tilbake i treningsarbeidet, då kan det vere greit å fokusere litt på andre ting. Samstundes har eg gjeve meg sjølv ut studietida for å sjå kva som ligg for meg i skisporet i framtida, og ynskjer verkeleg å sjå kva eg kan få til. 

Jobb vert vel ei gong i framtida uansett, og det er spanande å sjå kva eg klarar å få trent meg opp til no som et har moglegheit. Eg har eit år igjen av studiet i USA, så det er berre å klinke til. 


Du har jo, som du nemnar, gjort deg til ein mellombels amerikanar for nokre år no. Korleis vart det der borte då Covid-19 gjorde sitt inntog i verdshjørnane no i vår, og kva konsekvensar fekk deg for deg?

I USA vart skulen flytta online og skisesongen kutta på same måte som i Noreg. Kjedelig på månge måtar då eg var i god form, med eit par flotte rennhelger igjen. 

Fyrst så tenkte eg at no har eg historias moglegheit til å få sett USA utan å vere forplikta til å møte på skulen. Me var ein gjeng som pakka bilen og reiste rett til Jackson Hole (skiplass) for å stå på ski nokre dagar. Etter kvart som samfunnet stengde ned gjekk alvoret i situasjonen opp for meg og eg forsto at det kanskje kunne vere greit å komme seg heim til fagre og trygge Hemsedal før ev flytrafikken stengde. Eg hadde ordna meg veldig interessant sommerjobb i mai og ville naudig gå glipp av den (ho vart avlyst av Koronaen...). Det vart uansett ein veldig flott vår heime i Hemsedal!


På tross av dei gode karakterane du fekk då du gjekk ut av HBU på byrjinga av tiåret har du vel aldri vore viden kjend for å besitte eit framifrå ordforråd i engelsk. Korleis har den delen av reisa vore for deg der borte?

Ordforrådet har gått fra karakter 3 til 4, vil eg sei. Men det kjem ikkje av seg sjølv, det heller. Så det er hardt arbeid som gjeld, her også! Men amerikanarane er vennlege, i hvert fall på den fronten. Dei er sikkert vand med at andre ikkje beherskar språket deira like godt. Eg opplever at man kjem långt med dei mest grunnleggande orda.


Me ynskjar Ola "United Åols of America" Jordheim lukke til på veg mot nye merittar i skisesongen som kjem, håpar han vert skadefri som fort som mogleg og flyttar heim til bygda me alle elskar etter opphaldet i statane. 


Bildetekst: Her ser vi intervjuobjektet i oransje Team Hallindal-lue sammen med stjerner som fv: Guru Jordheim, Lukas Bauer, Morten Løchen og Vetle Flaget. 


0 Kommentar

Kommentarer

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert avIdrettenOnline