Sommerportrett med Team Monster: Sevat Mestvedthagen

Postet av Hemsedal IL - Langrenn den 20. Aug 2018

Den etter hvert rutinepregede sommerportretteringen av Hemsedals mest gylne langrennsgenerasjon - også velkjent (og beryktet) som team Monster - ruller videre. 

I dag har vi gleden av å presentere den på laget som nok trappet ned mest på treninga inn mot forrige sesong. Mine damer og herrer, Sevat Mestvedthagen! 


Er du fornøyd med sesongen? Kan du trekke fram to oppturar og en ting du gjerne skulle sett ble annleis? 

- Sesongen i år har jo vært veldig annleis frå dei føregåande, fordi satsinga har blitt lagt på hylla. Heldigvis har ikkje formen stupt like mykje som treningsmengda, så har fått nokon gode opplevingar. Spesielt Hemsedalsrennet gjekk veldig bra. Eit renn som ikkje gjekk så bra var Ribberennet. 


Kva vil du si har vært ditt største fremskritt i år?

- Ikkje mange framskritt å spore for min del. Pila peiker i feil retning, men ein ting eg har gjort mykje betre enn dei andre i Team Monster er å samle overskudd.


Korleis har du opplevd overgangen i å flytte til Nordfjord folkehøgskule? Bo langt unna trenaren og det vante miljøet osv.

- Reint sportslig har overgangen vært tøff. Eg har ikkje komme meg ut på trening så ofte som eg hadde ønska. Men det å dra på folkehøgskule er eit val eg er veldig glad for at eg tok, for eg har kost meg veldig mykje der.


Kva er det du sakner mest med Hemsedal, og kvifor er det Team Monster?

- Det er klart at Team Monster har hatt mykje å si for meg. Langrenn var jo den største delen av livet mitt i fleire år, og det hadde ikkje blitt noko langrennssatsing utan det fantastiske miljøet me hadde. Det var jo ein skikkelig god gjeng, både i og utanfor skisporet. Eg merka det veldig godt då eg kom til Nordfjord, at utan andre som pusher så er det vanskelig å holde på motivasjonen.


Har du rukket å sette deg konkrete mål for 2019-sesongen? Er du motivert for å trene nå som det ikkje-satsande og bedagelige latmannslivet er blitt oppdaga? 

- Satsinga kjem nok ikkje til å bli tatt opp på det nivået det var på før, men eg skal prøve å halde formen nogen lunde ved like, og satsar hardt mot Hemsedalsrennet, som blir sesongens store mål!






Kommentarer

0 Kommentar

Logg inn for å skrive en kommentar.

Levert av IdrettenOnline